Oppstart i 1978
Klebe har sitt utspring i Klepp kr. Ungdomsforeining. Sommaren 1978 trena ein gjeng ungdommar frå dette miljøet saman på Klepp stadion. Fleire av dei som var med spela eller hadde spela i Klepp IL, dei hadde difor gode kontaktar når det gjaldt bruk av stadion.
Det vart spela minst ein kamp denne hausten. Motstandar var Tananger kr. ungdomslag, og motstanden dei ytte var heller skral. Dei trudde det var ein vennskapskamp og hadde ikkje venta så innbitt motstand. Etter dette byrja tanken om å melda på eit lag i serien å veksa fram.

Klebe blei starta i 1978. På denne sia kan du finna meir om historia og folk som har vært viktige i Klebe fram til i dag.

Klebe SK